Styret
Her følgjer ein kort presentasjon av det til ein kvar tid sitjande styret i Hyllestad Grendalag. Kontakt oss gjerne dersom du har innspel til grendalaget eller om du ynskjer å vere med å skape liv og lyst!
Marie Berge Sjølingstad
Styremedlem
Eg er både født og oppvaksen på Hyllestad, og flytta hit igjen etter endt utdanning i Bergen. Eg har så utruleg mykje eg er glad i her! Familie, fjella, fjorden, naboane her og der, og alle minna knytt til stallen og fotballbana. Eg har lyst at vi skal bygge vidare på det flotte vi har og legge til rette for enda meir trivsel og moro!
Eg håpar alle som sit på idear om kva vi kan finne på tar kontakt, for her kan vegen til utførelse vere kort om engasjementet er stort nok!
+47 906 89 972
Endre Risnes
Styremedlem
Det som engasjerer meg er eit aktivt samfunn der ein kan få til ulike arrangement og samankomstar for folk i alle aldre.
Ellers brenner eg for det med å rydde i landskapet. Både fordi vi snart “gror inne” her i kommunen, men og for å opne opp slik at ein får sett meir av det Hyllestad har å by på av flott natur og utsikt. Der kjeme og dugnad inn i bildet. Noke som igjen kan vere både kjekt og sosialt!
+47 480 31 205
Martyna Nyszk
Styremedlem
Eg kjem frå Polen, og flytta til Hyllestad i 2019 frå Gdansk. Her bur eg saman med mannen min Tomek, og dottera vår Nina.
Vi har mange gode venner rundt oss! Det er veldig fint her i Hyllestad, og det er ein perfekt plass å oppdra barn. Det er ei familieatmosfære overalt!
På fritida mi elskar eg å trene, og eg har både utdanning og stor interesse for kosthold, ernæring og velvære. Eg drøymer om eit aktivitet samfunn der vi deler mange gode idear og saman implementerer desse i kvardagen vår!
Asbjørn Dyrkorn Løland
Styreleiar
I 2018 var det på tide å vende nasen heimover att frå Bergen! Då tok eg med meg Sarah og Thor, og vi tel også tre hundar på heimebane i dag.
Eg håpar at grendalaget kan ta ei aktiv rolle i å auke trivsel og glede i bygda vår, og vere med på å skape fleire møteplassar og fleire kjekke arrangement der folk kan preike og le!
Dette får ikkje grendalaget til åleine, og vi håpar at de vert med å involvere dykk når vi spør, og at de gjerne også tek initiativ om de sit og rugar på eitkvart som kan vere kjekt for bygda.